– Hvor ble han av, Otto Risanger? Og hvor ble vår ære og samvittighet av?

«Otto Risanger var Norges viktigste forfatter.  Han var vår tids Jo Nesbø.» (Journalist Kåre Sæter i Sunnmørsposten.)

«Få forfattere har hatt så umiddelbar påvirkning på sine lesere som deg.» (Journalist Bjørn Gabrielsen i Dagens Næringsliv.)

Otto Risanger nærmer seg 75 år og har nå funnet tiden inne til å redusere virksomheten en smule. Det innebærer at han ikke lenger oppdaterer – og dermed heller ikke selger på nettet – de totalt 42 ebøkene han har hatt i porteføljen sin.

Men Risanger avslutter på ingen måte hele virksomheten sin ennå.

Et utvalg av ebøkene blir oppdatert til skatteveiledning for 2019 og til dels 2020. Disse ebøkene blir på vanlig, innarbeidet måte gjort tilgjengelige for medlemmene i et dusin landsomfattende foreninger/organisasjoner.

Noen av disse foreningene har samarbeidet med Risanger i mer enn 25 år for at medlemmene skulle være best mulig rustet til det årlige skatteoppgjøret.

Som en del av omleggingen har også Paal Stavrum …

Det nedenstående er fra en artikkel om tidligere tiders skattemeldinger (selvangivelser mm) – og dermed også om den årlige Pengeboka til Otto Risanger. Den kom ut i mer enn 40 årlige, reviderte versjoner. Artikkelen har tidligere stått i Sunnmørsposten, her gjengitt etter avtale.

«Dette er helga vi alle skulle ta det store oppgjeret med eigen livsstil. Det handlar ikkje om lavkarbo og jogging, men penger.

Eg vaks opp då vi hadde to nasjonaldagar. 17. mai og 31. januar.

Sjølvmeldinga. Smak på ordet alle dåkke under 50.

Vi over kjenner alvoret. Det er timer med sjølvransaking og konstant frykt for å ha gjort ein feil.

Otto Risanger var Norges viktigste forfattar. Han var vår tids Jo Nesbø.

Kvart einaste år kom han ut med tjukke bøker. Her vart vi i detalj forklart kvar vi skulle skrive opp barn, ektefelle, bankinnskot og kokfisk.

Alt hadde sin plass. Og Otto viste kvar.

Og sidene med moglege frådrag vart finlesne.

Otto kunne fortelje kor mange kjeledressar vi kunne utgiftsføre om du var med i det frivillige brannkorpset eller berre dyrka poteter på eige land.

I boka til Otto stod alt.

31, januar – dagen då staten skulle ha alt om deg – er borte. Ikkje frå kalenderen, men frå lista over høgtidsdager. Det er ikkje lenger direktesendt fjernsyn frå postkassa utanfor likningskontoret.

Kva har skjedd med vår ære og vårt samvit?

Nokre datamaskiner har avløyst eit heilt folks sjølvransaking.

No er det ingen i likninga som lurer på kva du har tent. Dei veit alt frå før, ja dei veit godt om kvar ei krone du har brukt.

Nokre år fekk vi eit skjema der vi skulle sette eit kryss for på ein måte å akseptere at all makt og mynde var borte. No er krysset og borte.

For all del, eg lengtar ikkje tilbake til tida då vi stod i kø på banken med bankbøkene våre for å få påført renter. Men det var stas.

Og den årlege bilturen vi alle visste om, men aldri skulle snakke om. Turen til Ørskog med bankbøkene som berre var merka med H.Hansen eller noko slikt.

Då eg seinare lærde bedriftsøkonomi, fekk eg lære at dette heitte skjulte reserver.

No er den tida forbi. Og ikkje har vi reserver heller.

Kvar vart han av, Otto Risanger? Og kvar vart vår ære og samvit av?

På ein måte saknar eg 31. januar.»